
Språkpioner, forfattar og bladfyk. «Den fyrste moderne journalisten», blei han kalla, og han står bak nokre av dei store høgdepunkta i den norske nasjonallitteraturen. Aasmund Olavsson Vinje blir ofte trekt fram som ein føregangsmann. Kva spor har han faktisk sett etter seg? I Ferdaminni fraa Sumaren 1860 skildrar han ferda si gjennom store delar av innlandet med humor, vidd og realisme. Professor Toril Moi har lese Vinje for fyrste gong og vandra i lag med han gjennom Eidsvoll, Gudbrandsdalen og Trøndelag. Kva fortel Vinje oss omdet norske? Kjenner vi oss framleis att i folket og landet han skriv om?
Visa mer
Recensioner
Bli först med att recensera denna bok