Samla noveller

Å skrive er eit forsøk på å stanse den flytande straumen av alt umogeleg, seier ein av karakterane i desse novellene av Gunnhild Øyehaug, som har fått kritikarar i to tiår til å ta fram karakteristikkar som «blendande», «sylskarpe», og «virtuose». Om novellene handlar om ei jente som nektar å spele piano for bestefar sin, eller romvesen som kommuniserer gjennom polaroidbilete, eller om nokon som opplever at alt dei tek i blir til slimål, står det menneskelege i fokus, og smerta og ekstasen i det å ha eit medvit. Gunnhild Øyehaug sitt forfattarskap er eineståande og vrir kaleidoskopisk på novelleforma, «ein meister for vår tid», har det blitt sagt.  Samla noveller inneheld alle novellene Gunnhild Øyehaug har utgjeve i bokform, og inkluderer Knutar + (2004/2012), Draumeskrivar (2016) og Vonde blomar (2020), samt ei nyskriven novelle. James Wood har skrive etterord....

Visa mer

Skapa konto för att sätta betyg och recensera böcker

Recensioner

Bli först med att recensera denna bok