
I 1967 er tida ommen for Gabriel Hallvardsson i Hauge. Kona hans, Clara, har sete trufast hos han dei siste dagane på sjukehuset i Bergen. Her i byen voks ho sjølv opp, i ein velsituert, barnerik familie i Fosswinckels gate. No skal kista med den avlidne tilbake til garden, før Gabriel skal i jorda, som fedrane før han. Ei ny tid byrjar for Clara. Eldstesonen Sigurd og den geskjeftige kona hans vil overta gamlehuset, medan Clara får flytta over tunet, til bestemorhuset. Her sit ho ved vindauget og let minna koma rullande: den håpefulle tida som telefonistinne i Gabriels bygd, dansen på ungdomshuset, forelskinga, giftarmålet. Dagane som ung, famlande mor, hustru til ein bonde som eigentleg er forfattar og som heller reiser på talarferd i kampen for det nye Noreg enn å dyrka jorda. Bymålet sitt legg ho innimellom vekk, av omsyn til Gabriel og nynorsksaka. Ho deltek i misjonen som framfor...
Visa mer
Recensioner
Bli först med att recensera denna bok