Ho som reiser med tomt glas

Alejandra Pizarnik (1936-72) vart fødd i Buenos Aires av russisk-jødiske foreldre som hadde flykta dit to år tidlegare. Ho kjende seg som ein framand i livet, eit menneske dømt til å skape, til å setje ord på det som ikkje har namn. Ho er sanseleg, skremmande, kompromisslaus, litterært kjettarsk, formsterk og visuell, og med eit sterkt begjær etter stillheit: Forfattarskapen med barndomen og døden som tematiske kraftlinjer, står i spenn mellom det heftige og det heilt stille. Ho er rekna som ei av dei viktigaste lyrikarane i Argentina, og er forbilde og inspirator for fleire generasjonar kunstnarar i den spanskspråklege verda. "Lidenskapeleg søvnløyse og dagklart skjerpa blikk", skreiv den meksikanske nobelprisvinnaren Octavio Paz om dikta hennar.

Visa mer

Skapa konto för att sätta betyg och recensera böcker

Recensioner

Bli först med att recensera denna bok