Helsing frå sameland

Nils-Aslak Valkeapää er ein av dei framste og mest banebrytande samiske kunstnarane gjennom tidene. Han debuterte som forfattar med Terveisia Lapista (Helsing frå Sameland), som blei gjeve ut på finsk i 1971 og utkom for fyrste gong på nynorsk på Pax Forlag i 1979. Her tek forfattaren eit kraftig oppgjer med Vesten og overgrepa og fordommane det samiske folket har blitt utsett for, og han kjem med skarp kritikk av politikken storsamfunn og styresmakter har ført overfor samane. Forfattaren krev retten for samane til å leve på eigne vilkår òg på sitt eige landområde, verne om kulturen, men òg utvikle og fornye han. Bodskapen i naturen, tenkjesettet til urfolk og deira forståing av verda er omdreiingspunktet i forfattarskapen og kunsten til Valkeapää. I korte, tematiske kapittel (som til dømes «Dazza», «Joik» og «Mors mål») går han tett på samisk identitet, kultur og livsførsel. Sjølv...

Visa mer

Skapa konto för att sätta betyg och recensera böcker

Recensioner

Bli först med att recensera denna bok