
Eitt spørsmål får Oddgeir Bruaset igjen og igjen. Korleis gjekk det med menneska i serien? Denne boka byr på eit hjarteleg gjensyn. NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein av dei mest populære tv-seriane i Noreg gjennom tidene. Oddgeir Bruaset skapte programmet, og i tolv år var han programleiar for serien. Han reiste Noreg rundt og besøkte dei som budde på dei brattaste, mest uframkommelege stadene i landet vårt. Han møtte menneske som levde tett på naturen, mange under svært enkle kår. I denne praktboka får vi eit gjensyn med nesten alle menneska som var portretterte av Bruaset. Vi får sjå og høyre om folk som bryt jord på forfalne gardar, som lagar eigen landingsplass for fly når vegen er uframkommeleg, om dei som vel einsemda og stilla, og dei som brått får friarar på døra. Vi møter Alma Jenssen, som budde åleine på ein holme i Nordland i nesten femti år, og som...
Visa mer
Recensioner
Bli först med att recensera denna bok