Det uferdige huset

Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye, sjølvstendige Noreg. Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Haugegardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn. "Alle endrar seg, også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna...

Visa mer

Skapa konto för att sätta betyg och recensera böcker

Recensioner

Bli först med att recensera denna bok