
Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep? «Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020. Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør....
Visa mer
Recensioner
Bli först med att recensera denna bok